Det har ved tidlegare offentleg kunngjering blitt motteke forslag til adressenamn og avgrensing av desse, kor skrivemåten til adressenamna har vore på uttale til Norsk Polarinstitutt og Sysselmesteren på Svalbard, jf. Forskrift om eigedomsregistrering på Svalbard § 7. Det vart ikkje motteke innvendingar på skrivemåten av adressenamna.

Før det kan gjerast vedtak på oppretting av dei nye adresseparsellane, vert forslaga no lagd ut på offentleg høyring, kor særskilde lokale interesseorganisasjonar og ålmenta elles vert gjeve moglegheit til å kome med uttale på dei nye adressenamna. Gjer merksam på at skrivemåten av namna ikkje er ein del av høyringa.

Forslaga til nye adresseparsellar er lista opp under, sjå elles lenkje til adressekarta for avgrensing av adresseparsellane lengre nede:

Revneset, Advent City, Hiorthhamn, Moskuslaguna, Mälardalen, Fivelflyene, Breinosfoten, Foxdalen, Vestre Vindodden og Austre Vindodden.

Dersom de ynskjer å sende inn ei uttale kan den merkast med saksnummer 2023/1054, og sendast til Longyearbyen lokalstyre, Postboks 350, 9171 Longyearbyen eller til e-post: post@lokalstyre.no

Frist for å koma med uttale vert sett til 08.04.2024.

Lenkjer til adressekart:

Oversiktskart

Adressekart - Revneset, Advent City, Hiorthhamn, Moskuslaguna og Mälardalen

Adressekart - Austre og Vestre Vindodden

Adressekart - Breinosfoten og Foxdalen

Adressekart - Fivelflyene