Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A
Are Kalvø 10.12.2015

Are Kalvø i kulturhuset (10.12.)

Stand Up Norge AS i samarbeid med Riksteatret presenterer ei framsyning produsert av Det Norske Teatret og Are Kalvø: "Kalvø - ein time av livet ditt du aldri får tilbake"

Longyearbyen kulturhus torsdag 10.12.2015 kl. 19.00.
Billetter a kr 350 (voksen)/kr 290 (studenter med studentbevis) til salgs via eBillett eller i Rabalder cafe og bakeri (åpent hver dag kl. 10.00 - 17.00)


Nominert til komiprisen 2015!
- Årets sceneforestilling (vinner)
- Årets stand-up komiker
- Årets mannlige scenekomiker

Les omtalen i VG - Terningkast 5
"Vel anvendt tid", Dagbladet
"Gapskratting med tårer i øynene", Terningkast 5,  Bergens Tidende
"Se Are Kalvø i høst!", Terningkast 5, Bergensavisen

Heilaften humorshow med Are Kalvø - så langt sett av over 20 000 på Det Norske Teatret!

HVA NYTTAR DU TIMANE I LIVET DITT TIL?
Visste du at vi nyttar om lag tre og eit halvt år av liva våre til å pusse tennene og stelle oss? At vi søv i gjennomsnittleg 27 år? Ser på TV og er på nett i 10 år? Ikkje det? Are Kalvø har saumfare tala i Statistisk Sentralbyrås Tidsbrukundersøking frå 2012, og funne fram til dei raraste ting vi bruker utruleg mykje tid på.

INTENS JAKT
Er vi som lever her og no i det heile i stand til å gjere noko stort? Eller har vi for mykje anna å gjere? Kalvø leitar etter svar og nyttar skamlaust eksempel frå sitt eige liv og oppvekst, frå venner, kvardagsmenneske, politikarar, idrettsstjerner og andre kjendisar. Til å hjelpe seg på scenen har han eit lite husband, i tillegg til ein ny gjest kvar kveld.

FINN HAN SVARET?
Ikkje godt å seie, men han har tenkt å ha det morosamt medan han leitar. Og han har tenkt å bryte ut i song og digresjonar om alt frå plukkfisk til pubquiz, og kanskje – viss alt anna slår feil – i dans. Nyttar vi tida vår på dei rette eller dei gale tinga? Kanskje ligg svaret på eit av livets store gåter skjult i tala om tidsbruk. Kanskje sjølve meininga med livet.

Kunstnarleg lag

  • Regissør: Erik Ulfsby
  • Scenograf og kostymedesignar: Mia Runningen
  • Lysdesignar: Ole Randers
  • Musikkansvarleg: Ståle Sletner
  • Dramaturg: Ola E. Bø
  • Manusinnspel: Jens M. Johansson, Agnes Ravatn, Dagfinn Lyngbø
  • Projeksjonar: Raymond Stubberud, Nikolai Bergstrøm

Band

  • Piano, m.m.: Ståle Sletner
  • Bass, m.m.: Ole Marius Melhuus