Med heimel i sml. § 50, vert Delplan for sentrumsområdet og Forskningsparken med planID D36, endra slik det er synt i plankartutsnittet datert 02.05.2024.

Det er gjort administrativt vedtak om mindre endring av Delplan for sentrumsområdet og Forskningsparken, med planID D36, i høve etablering av fortau og tilhøyrande gangfelt og belysning langs krysset mellom veg 200 og 229. Endringane er i hovudsak at Kullungen barnehage sitt uteområde er noko utvida til faktisk bruk og noko sideareal til veg vert omgjort til gangveg.