Oppmåling, deling og seksjonering
Longyearbyen lokalstyre sin oppmålingsavdeling består i dag av ein autorisert eigedomslandmålar som gjennomførar oppmålingsforretningar og andre landmålingsoppgåver etter reglane i matrikkellova, forskrifter, arbeidsrutinar og god landmålarskikk. Landmålaren skal informera og rettleia partane på ein uavhengig måte.
Forskrift om eigedomsregistrering på Svalbard Lenke til et annet nettsted. (01.01.2022) gjer gjeldande Matrikkellova Lenke til et annet nettsted. og forskrifter gjeve med heimel i matrikkellova med dei tilpasningar som følgjer av forskrifta.
Longyearbyen lokalstyre er lokal matrikkelmyndigheit innanfor Longyearbyen planområde, medan Sysselmesteren på Svalbard er matrikkelmyndigheit for resten av Svalbard. Det vil seia at delingssaker som gjeld eigedom utanfor Longyearbyen planområde skal rettast til Sysselmesteren på Svalbard.
Om du ikkje finn svar på spørsmål om oppmåling, deling og matrikkel i fanane under, så ta gjerne kontakt.
Deling av eigedom
Deling av eigedom er eit søknadspliktig tiltak etter plan- og bygningslova. Dersom det vert gjeve løyve til deling av eigedom, så må det gjennomførast ei oppmålingsforretning der den nye eigedomen vert klarlagd i marka. Dette vert utførd av oppmålingsingeniøren.
Kven kan søkja?
Den som er registrert som heimelshavar til eigedomen kan gje tiltakshavar samtykke til deling av eigedom.
98,75% av grunnen på Svalbard er eigd av Staten, og vert forvalta av Nærings- og fiskeridepartementet. Ta kontakt med Nærings- og fiskeridepartementet sitt lokale kontor i Longyearbyen når det gjeld samtykke til deling av eigedom.
Nærings- og fiskeridepartementet
Postboks 69, 9171 Longyearbyen
postmottak@nfd.dep.no
Telefon: 91 69 40 40
Meir informasjon her: Grunnforvaltning på Svalbard Lenke til et annet nettsted.
Slik søker du
For å søkja om deling av eigedom, også kalla frådeling/oppretting av ny grunneigedom, eller festetomt (gjeld også festepunkt/grunnleigepunkt), må du fylla ut alle skjema under:
Søknad om tillatelse til tiltak uten ansvarsrett (5153) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring for søknadspliktige tiltak Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. Hugs at det er Nærings- og fiskeridepartementet som skal førast opp som “rekvirent”, og at du difor treng deira signatur og stempel.
Opplysninger gitt i nabovarsel (5155) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. Skal sendast inn til Longyearbyen lokalstyre sammen med søknaden.
Kvittering for nabovarsel (5156) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. Har naboane merknadar skal desse sendast direkte til deg som søkjar, slik at du kan kommentera merknadane - før alt vert innsendt samla til Longyearbyen lokalstyre.
Vedlegg til søknaden:
Det skal leggast ved situasjonskart som viser innteikna eigedomsgrense til ny eigedom, eller avgrensing av tomt vist i arealplan (gjeld stort sett grunnleigepunkt). Det er ynskjeleg at ny eigedomsgrense er koordinatfesta i EUREF89 UTM-koordinatar. Situasjonskartet skal vera i målestokk.
Situasjonskartet skal visa tilkomst, vatn og avlaup dersom det er aktuelt, og at ny eigedom ligg utanfor faresone.
Søkanden kan sendast til:
Longyearbyen lokalstyre, Postboks 350, 9171 Longyearbyen eller post@lokalstyre.no
Seksjonering
Du kan lesa meir om seksjonering og reseksjonering på Kartverket si heimeside her Lenke til et annet nettsted..
Seksjonering
Om ein eigedom skal eigast av fleire personar, og eigarane skal ha einerett til kvar si brukseining i bygningsmassen og evt. eksklusiv bruksrett til utearealet på eigedomen, så må eigedomen seksjonerast.
Reseksjonering
Om eit eigarseksjonssameige ynskjer å endra fordelinga av areal eller gjera andre bruksendringar i eigedomen etter at eigedomen er seksjonert, må du søkja om reseksjonering.
Slik søker du:
Søknad om seksjonerin Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.g
- Rettleiing til utfylling av søknad om seksjonering Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Søknad om reseksjonering Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Rettleiing til utfylling av søknad reseksjonering Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Vedlegg som skal leverast inn med søknaden:
- Planteikningar av alle etasjar med avgrensing for kvar seksjon. Bruken av kvart rom skal vera tydeleg vist på teikningane.
- Situasjonsplan og vedtekter skal alltid leggast ved.
- Om begjeringsskjemaet vert signert på vegne av heimelshavar vil det vera behov for ei fullmakt, og dersom det er pant på eigedomen kan det vera behov for eit samtykke.
- Kontaktinformasjon (namn, telefonnummer, e-post og adresse).
- Samtykke til seksjonering frå Nærings- og fiskeridepartementet som heimelshavar må leggast ved, då tomtefestelova ikkje er gjort gjeldande for Svalbard og eigedomane vert leigd gjennom grunnleigeavtale.
Pris for seksjonering finn du i gjeldande gebyrregulativ her.
Dersom de er fleire heimelshavarar til ein eigedom før seksjonering, og de ynskjer å fordela seksjonane dykk i mellom, kan fordelinga førast opp under punkt 4 i begjeringsskjemaet.
Justering av grenser
Justering av eigedomsgrenser kan skje ved grensejustering eller arealoverføring, blant anna avhengig av kor stort det omsøkte arealet er.
Det må uansett sakstype, gjennomførast ei oppmålingsforretning der dei nye grensene vert klarlagd og målt opp. Resultatet av oppmålingsforretninga vert førd inn i matrikkelen, som er det offisielle eigedomsregisteret i Noreg.
Sjå meir informasjon på Kartverket sine sider om grensejustering, arealoverføring og endring av festegrunn Lenke til et annet nettsted..
Grensejustering
Ei grensejustering er ei mindre endring av grensa mellom to eigedomar. Grensejustering er normalt ikkje eit søknadspliktig tiltak, så lenge justeringa ikkje kjem i strid med anna lovverk og overordna planar. Ei grensejustering skal ikkje tinglysast.
Nokre vilkår ved grensejustering.
- Arealet for involverte eigedomar kan ikkje auka/reduserast med meir enn 5 %, og maksimalt 500 m2.
- Ein eigedom kan ikkje gje frå seg areal som i sum overstig 20 % av eigedomen sitt areal før justeringa.
- For anleggseigedom kan ikkje volumet aukast/reduserast med meir enn 5 %, og maksimalt 1000 m3.
- Verdien på eigedomen kan ikkje auka/reduserast med meir enn 1G (G = grunnbeløp i folketrygda)
For utdjupande reglar knytt til grensejustering sjå matrikkelforskrifta § 34 Lenke til et annet nettsted. og matrikkellova § 16 Lenke til et annet nettsted.
For å rekvirere grensejustering kan du nytta søknadsskjema til Kartverket: Rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring Lenke til et annet nettsted. - Hugs at rekvisisjonsskjemaet skal vera signert av begge involverte partar.
Det skal også leggast ved situasjonskart med innteikna eigedomsgrenser, som viser justeringa før og etter, samt arealoversikt.
Arealoverføring
Arealoverføring er ei større justering av grensa mellom to eigedomar. Arealoverføring er eit søknadspliktig tiltak. Arealet vert overførd mellom tilgrensande eigedomar utan at arealet vert oppretta som ny eigedom.
For reglar knytt til arealoverføring sjå matrikkelforskrifta § 33 Lenke til et annet nettsted. og matrikkellova § 15 Lenke til et annet nettsted..
Søknadskjema for arealoverføring er dei same som for deling av eigedom - sjå difor fane for “deling av eigedom”.
Situasjonskartet må visa eksisterande eigedomsgrenser, i tillegg til nye eigedomsgrenser (gjerne fastsett med koordinatar), samt at arealoversikten må koma tydeleg fram. Du kan nytta kartløysinga til LL for å ta ut situasjonskart sjølv - sjå vårt publikumskart i denne lenken Lenke til et annet nettsted.
For å tinglysa ei arealoverføring, må også erklæring om arealoverføring Lenke til et annet nettsted. fyllast ut av heimelshavarane, og sendast inn saman med tinglysing av arealoverføringa - sistnemnde vert innsendt av LL.
Endring av festegrunn
Dersom arealoverføringa involverer festegrunn, kan arealet overførast ved “endring av festegrunn”.
Areal kan overførast i følgjande tilfeller:
- mellom grunneigedom og festegrunn.
- mellom to eigedomar registrert med festenummer, som har felles grense og er festa frå same grunneigedom.
- omgjering frå festepunkt/grunnleigepunkt til festegrunn med areal og fastsett grense.
Erklæring om endring av festegrunn Lenke til et annet nettsted. må fyllast ut og sendast inn med tinglysing av endringa.
Klarlegging av eksisterande grense
Om du er usikker på kor eksisterande grense mellom to eigedomar går, kan du rekvirere oppmålingsforretning for å få klarlagd eksisterande grense.
Søknadsskjema finn du her:
Rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring Lenke til et annet nettsted.
Vedlegg til rekvisisjonen:
Situasjonskart som viser kva eigedomsgrense som skal klarleggjast. Du kan nytta kartløysinga til LL for å ta ut situasjonskart sjølv - sjå vårt publikumskart i denne lenken Lenke til et annet nettsted.
Gjeldande prisar finn du i gebyrregulativet her.
Oppretting av festepunkt/grunnleigepunkt
Framgongsmåten er lik som for “Deling av eigedom” - Sjå fana lengre oppe på denne sida.
For saker utanfor Longyearbyen arealplanområde er det Sysselmesteren på Svalbard Lenke til et annet nettsted. som handsamar søknadane.
Nærings- og fiskeridepartementet er grunneigar og må gje samtykke for oppretting av festepunkt/grunnleigepunkt.
Kontaktinformasjon:
Nærings- og fiskeridepartementet
Postboks 69, 9171 Longyearbyen
postmottak@nfd.dep.no
Telefon; 91 69 40 40
Eller nettsida deira for grunnforvaltning på Svalbard Lenke til et annet nettsted.
Flytting av grunnleigepunkt
Skal du flytte hytta ut frå eksempelvis skredfaresone, og treng nytt grunnleigepunkt?
- Sjå framgongsmåte under:
1. Fyrst må du gå i dialog med Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) som grunneigar, for å sikre deg ny tomt som det kan opprettast ny eigedom på.
2. Send inn søknad om oppretting av ny grunneigedom, i dette tilfelle nytt grunnleigepunkt. Søknadsskjema og vedlegg finn du i fana "Deling av eigedom" lengre oppe på sida. Søknaden vert handsama av byggesaksavdelinga - Sakshandsamingstid er 3 veker.
3. Når det er gitt løyve til oppretting av ny grunneigedom går saka vidare til oppmåling, kor det vert kalla inn til oppmålingsforretning for å stikke ut ny eigedom. Fristen for å ferdigstilla oppmålingssaka er 16 veker frå det vert sendt ut varsel om oppmålingsforretning.
4. Etter endt oppmålingsforretning og oppretting av nytt grunnleigepunkt, så vert eigedomen tinglyst. For å sikre deg heimel til eigedomen må det tinglysast grunnleigeavtale med NFD.
5. I dei tilfellene kor det er snakk om "mindre" flytting av grunnleigepunktet innanfor same gards- og bruksnummer, så kan grunnleigepunktet flyttast slik at du beheld matrikkelnummeret (gnr/bnr/fnr) og grunnboksbladet til eigedomen. Dersom dette ikkje er aktuelt, vert det oppretta nytt grunnleigepunkt med nytt matrikkelnummer og grunnboksblad.
6. Når ny eigedom er på plass, kan det sendast inn søknad om "flytting" av sjølve hytta. Sjå meir om dette på sidene til byggesak.
Samanslåing av eigedom
Ved å slå saman fleire eigedomar til ein eigedom, får du ein meir oversikteleg struktur på eigedomen.
Les meir om samanslåing av eigedomar på Kartverket sine heimesider. Lenke til et annet nettsted.
Nokre krav for at eigedomane kan slåast saman:
- Eigedomane må liggja i same kommune
- Eigedomane må ha same heimelshavarar
- Samanslåing må oppfylla krav i matrikkellova § 18 Lenke til et annet nettsted. og matrikkelforskrifta § 43 Lenke til et annet nettsted.
- Samanslåinga må ikkje føra til prioritetskollisjon mellom panthavarar
Skjema for krav om samanslåing av eigedomar Lenke til et annet nettsted.
Det er gratis å slå saman eigedomar. Saka vert avslutta ved utsending av nytt matrikkelbrev.
Sist oppdatert