Gunnar Garfors er kjend for å vere den første til å besøke alle verdas land, både ein og to gonger, men i si siste bok konsentrerer han konsentrert seg om eit lite, eksklusivt knippe: Verdas 20 minst besøkte land!
Nokre har du knapt høyrt om og ligg vanskeleg tilgjengeleg, medan andre neppe gir andre assosiasjonar enn krig og elende.
Driven av nysgjerrigheit og ei heilt eiga evne til å bli kjend med menneska som bur der tek Garfors oss med på ei personleg ferd og let oss mellom anna møte ein særs imøtekomande statsminister, verdas beste sjokolademakar og ein mangobonde frå Jemen – landet som ein gong hadde fleire hundre tusen turistar i året.

I ei tid prega av konflikt og krig vil forfattaren inspirere oss til å bli kjent med delar av verda som skil seg frå vår eiga, men som mange knapt vågar å reise til. Kanskje vil ei breiare forståing av andre kulturar, trusretningar og verdsoppfatningar gjere noko med deg som lesar og korleis du ser på verda?

Velkommen til foredrag i biblioteket tirsdag 21. mai kl. 19.00.